Kunnskap om oppvekst i ein digital kvardag

30. september var vi i Biblioteksvarleiinga på konferanse i Bergen for å lære meir om korleis barn og unge brukar Internett.

Første føredragshaldar var Stian Lindbøl frå Mediatilsynet som presenterte fakta om barn og unge sin multimedale kvardag. Spesielt interessant var det å leggje merke til spørjeundersøkinga der ein både hadde spurt barn kva dei brukte nettet til og samtidig spurt foreldre kva dei trudde at barna brukte nettet til. 42 % av foreldra trudde at barna brukte nettet i samband med lekser, medan 71 % av barna svarte at dei faktisk gjer det. Lindbøl nytta også høvet til å fortelje om to spennande prosjekt – Trygg bruk om trygg bruk av digitale medier for barn og Bruk hue om digital mobbing.

Presentasjonen ”Tygg bruk av digital media”

Mona Wisth frå www.skrivebua.no tok opp problematikken rundt barn og unge som skriv om sjølvskading og sølvmord. Dette er noko vi kan møte i Biblioteksvar-kvardagen også, og ofte kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal svare. – Det koster så lite å være imøtekommende, seier Wisth som har lav terskel for å ta kontakt med ungdommar ho tenker kan ha eit behov for hjelp. Ho pleier å vise til unghelse.no, og det kan vere ei nyttig side for oss å vite om også. Her går det til dømes an å søke etter hjelpetilbod der ein bur.

Presentasjonen ”Språkbruk/utvikling, oppførsel og redaksjonsansvar på nett.”

Internett kan i stor grad bli brukt til å styre kva vi oppfattar som sant og riktig, og føredragsholdar Suhail Mushtaq hadde fleire eksempel på kor lett vi let oss lure. - Spørsmålet vil da være hvis du med en voksent intellekt enkelt kan bli manipulert i informasjonssamfunnet, hvilket forsvar har da dine/våre barn som operer i det samme informasjonsnettverket? Spør Mushtaq. Gode råd kan du finne på http://www.blisikker.net/

Neste presentasjon var ”Korleis brukar barn digitale medier i dag?” av Mona Hovland Jakobsen frå Telenor Research and Innovation. Barn må ha filter i hodet, sier ho. Korleis kan ein gje dei det? Her kan du lese Telenor sine råd til foreldre om barn og teknologi.

Ola Ø. Hoel er pensjonert politimann/IKT-etterforsker med bakgrunn frå Datakrimsenteret ved Økokrim og Nordre Buskerud politidistrikt. Han viste oss eksempel på det vi alle veit fins på Internett, men slett ikkje likar å tenke på. Presentasjonen hans, ”Overgrep og det mørke nettet” kan du laste ned her.

I det siste føredraget presentere Helle Jacobsen funn frå masteroppgåva si i sosiologi som handlar om ungdoms bruk av kommunikasjonsteknologi og webkamera. Les presentasjonen ”Om å bli venner på nett!”

Vi som jobbar med Biblioteksvar brukar chat på ein litt annan måte enn det som ofte blir snakka om i desse føredraga, men tema som vart diskutert på denne konferansen blir viktige for oss fordi vi er ein del av barns digitale kvardag. Formålet med Biblioteksvar er ikkje å oppdra barn, men gjennom vårt daglege arbeid gjer vi på mange måtar det. Vi har mulegheit til å lære dei noko om korleis ein skal forholde seg til det ein finn på Internett. Kvar går grensene for kva som er greit å seie i ein anonym chat? Det er vi faktisk med på å bestemme.

0 Responses to “Kunnskap om oppvekst i ein digital kvardag”


  1. No Comments

Leave a Reply