Monthly Archive for November, 2009

Internet Librarian International

I oktober var Biblioteksvarleiinga på konferanse i London, Internet Librarian International 2009. Der fekk vi høyre om erfaringar frå andre biblioteksprosjekt og tok med oss mykje inspirasjon og kunnskap heim.

For ei kort oversikt over innhaldet vil vi anbefale å ta ein kikk på programmet for konferansen. Resten av dette innlegget vil vi vie til noko av det vi synes var mest interessant på konferansen - sosiale medier og nye teknologiske plattformer.

Mange bibliotek har teke i bruk sosiale medier som Facebook og Twitter for å kommunisere med brukarane sine, og nytteverdien av dette har blitt mykje diskutert i det siste. Dette var også tilfellet på konferansen i London, og sjølv om ein kanskje ikkje kjem frem til ein eintydig konklusjon om korleis den nye teknologien bør brukast, så kan det være greit å vite at den finst og kva mulegheiter ein har.

Andy Tattersall fra Universitetet i Sheffield snakka om utviklinga av web-baserte forskingsportalar. Han meiner at portalar kan gjere livet ditt enklare fordi du kan halde deg oppdatert på det som interesserar deg uavhengig av kvar du er, og dei kan hjelpe deg med å finne, dele, vurdere og organisere informasjon. Men han poengterar også at portalløysingar kan vere eit hinder. Dei er ikkje så automatiserte som vi gjerne skulle ønskje, informasjonskjeldene som blir brukt kan vere utdaterte eller forsvinne, og ikkje alt innhald er eigna for alle. Fordi det heile tida vil vere ny informasjon, nye lenkjer og nye mennesker som skal leggjast til kan dei også gjere arbeidskvardagen meir komplisert.

Dei vurderte Pageflakes, iGoogle og Netvibes, og endte opp med Netvibes fordi det var omfattande og lett å tilpasse, innhaldet kunne spreiast over mange faner, mange widgets var tilgjengelege og det var muleg å leggje til brukar-skapte modular. I tillegg tilbyr Netvibes påliteleg brukarstøtte.

Andre løysingar som kan vere interessant å sjå på er My Yahoo, Alot.com og Microsoft Live.

Dorete Larsen og Gitte Behrens frå Statsbiblioteket i Danmark snakka om søketeknologien Summa og korleis dei har implementert det og integerert det med bibliotekssystemet sitt. Les meir om dette hos Statsbiblioteket. Nedlasting og dokumentasjon finn du i wikien deira.

Åke Nygren viste fram BiblFeed, eit sosialt nettverk for bibliotekssverige som er laga ved hjelp av plattforma Ning.

Karen Blakeman tok opp problemstillinga “Social search: useful tool or time waster?” Hennar konklusjon er at sosiale søk og Web 2.0 ikkje er valfritt ekstramateriale, men ein essensiell del av ein søkestrategi.