Author Archive for Anne-Stine

Internet Librarian International

I oktober var Biblioteksvarleiinga på konferanse i London, Internet Librarian International 2009. Der fekk vi høyre om erfaringar frå andre biblioteksprosjekt og tok med oss mykje inspirasjon og kunnskap heim.

For ei kort oversikt over innhaldet vil vi anbefale å ta ein kikk på programmet for konferansen. Resten av dette innlegget vil vi vie til noko av det vi synes var mest interessant på konferansen - sosiale medier og nye teknologiske plattformer.

Mange bibliotek har teke i bruk sosiale medier som Facebook og Twitter for å kommunisere med brukarane sine, og nytteverdien av dette har blitt mykje diskutert i det siste. Dette var også tilfellet på konferansen i London, og sjølv om ein kanskje ikkje kjem frem til ein eintydig konklusjon om korleis den nye teknologien bør brukast, så kan det være greit å vite at den finst og kva mulegheiter ein har.

Andy Tattersall fra Universitetet i Sheffield snakka om utviklinga av web-baserte forskingsportalar. Han meiner at portalar kan gjere livet ditt enklare fordi du kan halde deg oppdatert på det som interesserar deg uavhengig av kvar du er, og dei kan hjelpe deg med å finne, dele, vurdere og organisere informasjon. Men han poengterar også at portalløysingar kan vere eit hinder. Dei er ikkje så automatiserte som vi gjerne skulle ønskje, informasjonskjeldene som blir brukt kan vere utdaterte eller forsvinne, og ikkje alt innhald er eigna for alle. Fordi det heile tida vil vere ny informasjon, nye lenkjer og nye mennesker som skal leggjast til kan dei også gjere arbeidskvardagen meir komplisert.

Dei vurderte Pageflakes, iGoogle og Netvibes, og endte opp med Netvibes fordi det var omfattande og lett å tilpasse, innhaldet kunne spreiast over mange faner, mange widgets var tilgjengelege og det var muleg å leggje til brukar-skapte modular. I tillegg tilbyr Netvibes påliteleg brukarstøtte.

Andre løysingar som kan vere interessant å sjå på er My Yahoo, Alot.com og Microsoft Live.

Dorete Larsen og Gitte Behrens frå Statsbiblioteket i Danmark snakka om søketeknologien Summa og korleis dei har implementert det og integerert det med bibliotekssystemet sitt. Les meir om dette hos Statsbiblioteket. Nedlasting og dokumentasjon finn du i wikien deira.

Åke Nygren viste fram BiblFeed, eit sosialt nettverk for bibliotekssverige som er laga ved hjelp av plattforma Ning.

Karen Blakeman tok opp problemstillinga “Social search: useful tool or time waster?” Hennar konklusjon er at sosiale søk og Web 2.0 ikkje er valfritt ekstramateriale, men ein essensiell del av ein søkestrategi.

Kunnskap om oppvekst i ein digital kvardag

30. september var vi i Biblioteksvarleiinga på konferanse i Bergen for å lære meir om korleis barn og unge brukar Internett.

Første føredragshaldar var Stian Lindbøl frå Mediatilsynet som presenterte fakta om barn og unge sin multimedale kvardag. Spesielt interessant var det å leggje merke til spørjeundersøkinga der ein både hadde spurt barn kva dei brukte nettet til og samtidig spurt foreldre kva dei trudde at barna brukte nettet til. 42 % av foreldra trudde at barna brukte nettet i samband med lekser, medan 71 % av barna svarte at dei faktisk gjer det. Lindbøl nytta også høvet til å fortelje om to spennande prosjekt – Trygg bruk om trygg bruk av digitale medier for barn og Bruk hue om digital mobbing.

Presentasjonen ”Tygg bruk av digital media”

Mona Wisth frå www.skrivebua.no tok opp problematikken rundt barn og unge som skriv om sjølvskading og sølvmord. Dette er noko vi kan møte i Biblioteksvar-kvardagen også, og ofte kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal svare. – Det koster så lite å være imøtekommende, seier Wisth som har lav terskel for å ta kontakt med ungdommar ho tenker kan ha eit behov for hjelp. Ho pleier å vise til unghelse.no, og det kan vere ei nyttig side for oss å vite om også. Her går det til dømes an å søke etter hjelpetilbod der ein bur.

Presentasjonen ”Språkbruk/utvikling, oppførsel og redaksjonsansvar på nett.”

Internett kan i stor grad bli brukt til å styre kva vi oppfattar som sant og riktig, og føredragsholdar Suhail Mushtaq hadde fleire eksempel på kor lett vi let oss lure. - Spørsmålet vil da være hvis du med en voksent intellekt enkelt kan bli manipulert i informasjonssamfunnet, hvilket forsvar har da dine/våre barn som operer i det samme informasjonsnettverket? Spør Mushtaq. Gode råd kan du finne på http://www.blisikker.net/

Neste presentasjon var ”Korleis brukar barn digitale medier i dag?” av Mona Hovland Jakobsen frå Telenor Research and Innovation. Barn må ha filter i hodet, sier ho. Korleis kan ein gje dei det? Her kan du lese Telenor sine råd til foreldre om barn og teknologi.

Ola Ø. Hoel er pensjonert politimann/IKT-etterforsker med bakgrunn frå Datakrimsenteret ved Økokrim og Nordre Buskerud politidistrikt. Han viste oss eksempel på det vi alle veit fins på Internett, men slett ikkje likar å tenke på. Presentasjonen hans, ”Overgrep og det mørke nettet” kan du laste ned her.

I det siste føredraget presentere Helle Jacobsen funn frå masteroppgåva si i sosiologi som handlar om ungdoms bruk av kommunikasjonsteknologi og webkamera. Les presentasjonen ”Om å bli venner på nett!”

Vi som jobbar med Biblioteksvar brukar chat på ein litt annan måte enn det som ofte blir snakka om i desse føredraga, men tema som vart diskutert på denne konferansen blir viktige for oss fordi vi er ein del av barns digitale kvardag. Formålet med Biblioteksvar er ikkje å oppdra barn, men gjennom vårt daglege arbeid gjer vi på mange måtar det. Vi har mulegheit til å lære dei noko om korleis ein skal forholde seg til det ein finn på Internett. Kvar går grensene for kva som er greit å seie i ein anonym chat? Det er vi faktisk med på å bestemme.

Biblioteksvarkonferanse i november

Vi er no godt i gang med planlegginga av årets Biblioteksvarkonferanse som blir skipa til på Radisson SAS Park Hotel på Lysaker 5.-6. november.

Ein viktig grunn til at vi vel å leggje denne konferansen til eit hotell og inkludere overnatting er at vi ønskjer at folk skal få høve til å bli betre kjende med kvarandre slik at samarbeidet i Biblioteksvar skal bli endå betre. Vi vil gjere det lettare for dei som sit i Folldal å gjere seg nytte av den kunnskapen dei sit med i Sortland, og kanskje kan vi alle plukke opp nokre gode lenketips frå fagbiblioteka som er med i tenesta.

No er vi ute etter tips til gode føredragshaldarar og tema vi burde ta opp. Legg igjen ein kommentar eller send ein e-post til biblioteksvar@biblioteksvar.no

Søkjefelt i nettlesarar

Ein del nettlesarar, mellom anna Firefox og Internet Explorer har eit innebygd søkefelt. Her kan du søke direkte i kjelder som Google, Ordbok og Telefonkatalogen. Dette kan vere veldig praktisk når ein treng å gjere raske søk, og kanskje spesielt viss ein søkjer etter det same i fleire databasar. I tillegg til dei databasane som allereie er definert, går det an å leggje til fleire sjølv.

Firefox
Her kan du leggje til fleire basar ved å velgje “Handsame søkjemotorar” i nedtrekksmenyen, og så trykkje på “Hent fleire søkjemotorar”. Du kjem då til Mozilla si nedlastingsside der du kan velje blant ei rekkje tillegg.

Bibliofil har ein lenke som heiter “Legg til søkemotor i nettleseren din” under biletkarusellen. For tida fungerar ikkje denne hos Deichmanske bibliotek, men til dømes hos Trondheim folkebibliotek og Bergen offentlige bibliotek fungerar dette godt.

Internet Explorer
I IE veljer du “Søk etter flere leverandører”. Her kan du enten velje frå ei liste eller leggje til din eigen. Det gjer du på følgjande måte:

  1. Opn opp den ønska søkjesida i eit nytt vindauge i nettlesaren
  2. Søk etter ordet TEST med store bokstavar
  3. Kopier URL-en dette søket gjev og gå tilbake til sida frå Microsoft der du limer den inn
  4. Gje søket eit namn og trykk Install

Dette kan du til dømes gjere med din lokale bibliotekskatalog eller det nye arkivet til Biblioteksvar når det kjem på plass.

Det kan også vere verdt å ta ein kikk på sidene til Mycroft Project. Dei tilbyr ei rekkje programtillegg for Mozilla Firefox, Internet Explorer og Google Chrome. Her er det lett å finne norske programtillegg. Vi vil anbefale Store Norske Leksikon, norsk Wikipedia, Ordnett, Statistik Sentral Byrå og Yr, men her er det berre å vere kreative. Kanskje du finn noko interessant ved å søke på ord som ‘bok’ eller ‘bibliotek’?

T-skjorter frå Biblioteksvar

På biblioteksvarkontoret står det no fire store pappesker med t-skjorter, desse skal sendast ut til alle bibliotek som er med i tenesta så fort vi får inn bestillingar frå kontaktpersonane.

For dei som er utålmodige eller som ikkje er med i den eksklusive klubben som får t-skjortene tilsendt presenterar vi her designet frå Rebell merchandise, håpar dei fell i smak!

T-skjortene