Ein del nettlesarar, mellom anna Firefox og Internet Explorer har eit innebygd søkefelt. Her kan du søke direkte i kjelder som Google, Ordbok og Telefonkatalogen. Dette kan vere veldig praktisk når ein treng å gjere raske søk, og kanskje spesielt viss ein søkjer etter det same i fleire databasar. I tillegg til dei databasane som allereie er definert, går det an å leggje til fleire sjølv.
Firefox
Her kan du leggje til fleire basar ved å velgje “Handsame søkjemotorar” i nedtrekksmenyen, og så trykkje på “Hent fleire søkjemotorar”. Du kjem då til Mozilla si nedlastingsside der du kan velje blant ei rekkje tillegg.
Bibliofil har ein lenke som heiter “Legg til søkemotor i nettleseren din” under biletkarusellen. For tida fungerar ikkje denne hos Deichmanske bibliotek, men til dømes hos Trondheim folkebibliotek og Bergen offentlige bibliotek fungerar dette godt.
Internet Explorer
I IE veljer du “Søk etter flere leverandører”. Her kan du enten velje frå ei liste eller leggje til din eigen. Det gjer du på følgjande måte:
- Opn opp den ønska søkjesida i eit nytt vindauge i nettlesaren
- Søk etter ordet TEST med store bokstavar
- Kopier URL-en dette søket gjev og gå tilbake til sida frå Microsoft der du limer den inn
- Gje søket eit namn og trykk Install
Dette kan du til dømes gjere med din lokale bibliotekskatalog eller det nye arkivet til Biblioteksvar når det kjem på plass.
Det kan også vere verdt å ta ein kikk på sidene til Mycroft Project. Dei tilbyr ei rekkje programtillegg for Mozilla Firefox, Internet Explorer og Google Chrome. Her er det lett å finne norske programtillegg. Vi vil anbefale Store Norske Leksikon, norsk Wikipedia, Ordnett, Statistik Sentral Byrå og Yr, men her er det berre å vere kreative. Kanskje du finn noko interessant ved å søke på ord som ‘bok’ eller ‘bibliotek’?